|
Du
mor?
Eg
spør deg mor - for du
veit svaret
på spursmål mange -
frå eit lite krek som meg
Eg veksa skal - og gå
på vegen
til moge liv - med
sjelas dyre steg.
Du
veit det mor - for du var lita jente
og gjekk den veg du vil at dine skulle gå.
Du feila vel - men no du veit det
kor stien gjeng - kor
du kan kruna få.
Du
vildra nok - i sterke ungdomstida
men lærde vel - av sår og mange mein
du lyfta augo dine - mot ein opna himmel
til gleda i ditt barneauge glitra skein.
Den
glans - den tru du då fekk eige
er arven du fortel og gir til dine små
så trua di kan lyfta augo
mine
så glansen av Hans herlegdom eg og får sjå.
Dei
mange bøner du til himlen sende
dei samla er i bøneskåler der
og signar dine små i jordelivet
med nåderegn til himlens rikdom her
For
du gjekk føre- til Guds gode himmel
dit Sonen opna har ein raudmerkt sti
Og barnehjarto høyrer englesongen
og lengtar dit - til mor og evig kvile blid.
J.H.
|