Tilbake

 

 

Skaperen og livet

Tone: "Syng i stille morgenstunder"

Sol Stig over doggvåt bøen
eim stig opp frå tusen strå,
Glitrande som stjerner klåre
gude-glimt for oss å sjå.

Ref.:«Syng for Herren allheims skapar
han som soli ris og gladar,
han med kjærleik til oss ser
høyrer oss når Anden ber»

Liv det vert i tusen munnar,
prisar Far for mat med fryd.
Fugl på kvist i alle lunnar
syng so glad om Jesus Krist.
Ref.

Han som skapte sol og stjerner
ljos for dag og myrkre natt,
Signar dag med venleik varme
bøen ligg der grøn med saft.
Ref.

Livsens saft til det Du skapte
bærekraft for folk og dyr
Bekken Din er full av vatn
full til alt som lever - yr.
Ref.

Allmakts hand - all visdoms kjelde
hand som signar dag som natt
Du med Faderhanda nådig
aldri gjer du oss forlatt.

Ref: Du held alt vårt liv i lage
nåderike solglans dage
til vi fylgjer deg i sky
og ser Kristi morgongry.

J.H.